Tonje Øyehaug Ruud i kommunikasjonsavdelinga til Ulstein Group leita gjennom nokre bilete av båtar Ulstein Design & Solutions har levert design til, då ho plutseleg såg eit frimerke med eit skip som hadde X-Bow-design.

Skipet heiter Vyacheslav Tikhonov, og blei bygd ved verftet Drydocks World Dubai. Det blei saman med fem andre heilt like skip, alle med X-Bow-design, levert til Polarcus i 2011. Først med namnet Polarcus Selma. Så bytta fartøyet namn, og Vyacheslav Tikhonov blei så leigd ut på bareboat-kontrakt til russiske OAO Sovcomflot.

Fann det på Ebay

Frimerket stammar frå 2013, men blei altså ikkje oppdaga av Ulstein før nyleg. Ulstein-konsernet sin største frimerkesamlar, Kristian Fikkan, fekk i oppdrag å få tak i nokre eksemplar av frimerket.

- Eg sat lenge og tråla på nettet etter frimerket, og fann det til slutt i St. Petersburg, via Ebay. Eg kjøpte både til konsernet og til meg sjølv, eg måtte nesten ha det i samlinga mi, seier Fikkan til Vikebladet Vestposten.

Skipet var eitt av to som fekk plass på russiske frimerke i 2013.

Laga seg slips - igjen

Fikkan er som ein skjønar særs stolt over at Ulstein nok ein gong kjem fram i lyset på eit trykt medium. Då han og andre tilsette i 2014 blei heidra for 30 og 31 års samanhengande arbeid for Ulstein, hadde Fikkan laga eit heilt spesielt slips for høvet. Det blei i dei tider kjend at Ulstein X-Bow blei å sjå på dei nye hundresetlane frå Norges Bank, og difor laga han seg eit slips med nettopp desse pengesetlane på. Det vekte stor merksemd, og mellom andre konsernsjef Gunvor Ulstein jubla for Fikkan sitt stunt.

- No som Ulstein også har fått ein båt på eit russisk frimerke måtte eg nesten lage eit nytt slips. Det er jo litt artig med det, eg ville ikkje vere dårlegare denne gongen, seier Kristian Fikkan.

Døypt av Putin

Vyacheslav Tikhonov (1928-2009), som skipet er kalla opp etter, var ein kjend russisk skodespelar. Hans mest kjende rolle var som den russiske spionen Stirlitz (Col. Maxim Isayev) i ein populær TV-serie med namnet Semnadtsat mgnoveniy vesny (engelsk: Seventeen Moments of Spring).

Skipet med Ulstein sitt etter kvart verdskjende X-Bow-design har også ein heilt spesiell beskyttar. Ingen ringare enn Russland sin noverande president Vladimir Putin, døypte skipet då det låg ved hamna i Sotsji.

Kristian Fikkan har igjen laga seg slips med Ulstein-motiv. Denne gongen med det russiske frimerket med båten Vyacheslav Tikhonov på. Foto: Ulstein Group.