Fleire gonger for dag høyrer og kjenner Georg Petersen sprengsalvene som går av eit steinkast unna, på tomta der Ulstein Arena skal kome. Vel vitande om at når dette bygget er ferdig, og behovet for parkeringsplassar og anna melder seg, så skal stasjonen han er dagleg leiar for, og resten av bygget jamnast med jorda. For Ulstein kommune har kjøpt tomta, og både stasjonen og verkstaden som leiger areal i bygget skal vekk.

– Vi har blitt tilbydd pengar for tomta før. Men, med tanke på auka netthandel, og at vi har fått ein ny konkurrent i Uno-X, som vi har tapt 40 prosent i drivstoffomsetnad på, så ville det på sikt blitt vanskeleg å halde oppe drifta slik den er i dag. Det var rett tidspunkt å selje på no, sjølv om vi nok uansett ikkje hadde hatt mykje val, seier Georg Petersen.

– Veldig vemodig

Vikebladet Vestposten møter larsnesingen, som dei siste ni åra har vore dagleg leiar ved YX i Ulsteinvik sentrum. Den siste månaden før jul går no med til å selje ut mest mogleg av dei attverande varene, og med det gradvis avvikle butikkdrifta. For over nyttår er det slutt.

– Det er veldig vemodig, og travelt, for det er ikkje berre, berre å leggje ned ei bedrift. Og spesielt sidan dette er ei bedrift som har vore sentral i bygde- og bybiletet i Ulsteinvik gjennom nesten 60 år, seier Georg Petersen.

Frå Klungsøyr til Petersen

I 1956 byrja bygginga av bensinstasjonen til Kjartan Klungsøyr i Ulsteinvik sentrum, og i 1957 stod den flunkande nye stasjonen ferdig. Med si heilt spesielle utforming, med eit spesielt overbygg utan støtte under, og plasseringa, var dette eit stasanlegg i Ulsteinvik på denne tida. Sidan då har bensinstasjonen vore ein fast møtestad for folk i Ulsteinvik.

I 1983 kjøpte Larsnes Auto-gründer Anders Petersen, far til Georg og søskena Per, Marte og Øyvind, aksjemajoriteten i selskapet, og tok over stasjonen i Ulsteinvik. Seinare gjekk eigarskapen vidare over til borna, og Georg Petersen blei i 2006 dagleg leiar.

– Det var ei tid då det var litt vanskeleg å få tak i folk til å drive stasjonane. I staden for å forhaste oss noko, tok vi oss av det sjølve. Eg tenkte meg sjølv som ei mellombels løysing, men har vore her sidan, seier Georg spøkefullt.

Den gode praten

Når det gjeld sjølve nedlegginga av stasjonen er det ikkje berre det fysiske tilbodet som forsvinn, meiner Georg. Det er noko med at det menneskelege også forsvinn, den gode gamle praten og servicen.

– Det har vore mange gode samtalar nede på golvet her. Den gode praten mellom kjende, og praten mellom kundane og dei tilsette. Det er ein ekstra dimensjon som forsvinn frå Ulsteinvik sentrum no som stasjonen ikkje lenger blir her. Det er det også mange andre som har fortalt meg, seier Petersen med eit smil, og legg til:

– Eg har jobba i denne bransjen i over 40 år, og kan ikkje stort anna. Så dette kjem eg heilt sikkert til å sakne.

Noko vil bestå ei stund til

Petersen fortel at han og dei to andre fast tilsette no ser seg etter noko anna å gjere.

– Det er ein tøff arbeidsmarknad for tida, men eg har trua på at vi skal finne ut av det.

Petersen fortel at sjølv om butikkdrifta skal leggjast ned til nyttår, så vil verkstaden framleis vere i gong ei stund framover.

– Ulstein kommune har gitt dei som leiger plass til drift av bilverkstad løyve til å drive fram til dei får nærare beskjed om at bygget skal gjerast noko med, seier Petersen.

Som også seier at drivstoffpumpene blir ståande ei stund etter butikken er lagd ned, og blir gjort til automatdrivne pumper.

Georg Petersen har vore dagleg leiar i ni år. Han kjem til å sakne den gode praten. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.