I den 23. konsesjonsrunda på norsk kontinentalsokkel har 26 selskap levert søknadar til Olje- og energidepartementet om å få tildelt nytt leiteareal.

Til samanlikning var det 36 selskap som søkte i den 22. konsesjonsrunda. Blant dei som ikkje søkte denne gongen var gigantane North Energy og Maersk Oil & Gas. Det skriv Dagens Næringsliv.

Olje- og energiminister Tord Lien meiner likevel det finnast lyspunkt, mest i forhold til leitinga i Barentshavet.

- Det lovar godt for framtida for petroleumsaktiviteten i nord at eit breitt mangfald av selskap konkurrerar om nytt leiteareal i Barentshavet. Planen er å tildele nye godkjenningar før sommaren, slik at dei første boringane kan gjennomførast allereie i 2017, seier Lien.

Om den noko lågare interessa får større innverknad på lokale reiarlag og skipsverft blir det for tidleg å seie noko om, men det er stor grunn til å tru at det svekkjer bransjen i si heilheit.