Avgjersla om nøyaktig kor mange ved Rolls-Royce i Hjørungavåg som må gå eller flyttast til andre anlegg blir ikkje gjort før over nyttår.

– Folk får i det minste gå inn i jula utan oppseiingsbrev i handa, seier Gina Bjørdal, tillitsvalt i Fellesforbundet.

I august kom den tunge beskjeden om at Rolls-Royce Marine skal legge ned avdelinga i Hjørungavåg. Dermed vart framtida til dei 199 tilsette plutseleg snudd på hovudet. Nedlegginga skal etter planen skje i løpet av første halvår 2016.

Etter eit allmøte med dei tilsette i november kom det endå meir urovekkande informasjon. Både Gina Bjørdal, tillitsvalt for Fellesforbundet, og Per Hallvard Garnes, tillitsvalt i FLT formenn, frykta at så mange som 70 personar, eller ein tredel av dei tilsette, mistar jobben sin.

No har Bjørdal og Garnes heldigvis fått litt gode nyhende, som dei spreiar vidare ut til dei andre organiserte.

– Eg sit som representant i bedriftsutvalet i Rolls-Royce Norge, og gav klart uttrykk for at eg med grunnlag i etiske føresetnader, ville at Rolls-Royce tok omsyn til at oppseiingsprosessen blei stoppa før jul. Det blei teke til følgje av leiinga, både fordi dei vil vere til hjelp, men samstundes for at dei skal få betre tid på seg til å gjere ei god avgjersle, seier Bjørdal.

Kan feire jul i fred

Med det får dei tilsette, som sjølvsagt er veldig spente på kva som skjer over nyttår, ikkje den tøffe beskjeden før etter jula er over.

– Eg trur at det for mange vil bety at litt av tyngda på skuldrene vil lette, når ein kan gå inn i jula utan oppseiingsbrev i handa, seier Gina Bjørdal.

Ho trur at dei fleste av dei i produksjonen vil få beskjeden om oppseiing når ein kjem til januar, noko som kan bety at rundt 50 personar mistar jobbane sine.

– Det må skje eit mirakel i forhold til ordresituasjonen om ikkje det skjer. Får vi nye kontraktar kan det vere at dette blir forskyvd igjen, men utsiktene er ikkje spesielt lyse.

Per Hallvard Garnes, formennene sin tillitsvalde i FLT (Forbundet for Ledelse og Teknikk), er samd i at tidene no er særs usikre.

– Ein prøvar så godt som råd no å få folk over på andre lokasjonar, men ein er ikkje heilt einige om korleis ein skal gjere det. No skal tårnet vi har inne på anlegget i Hjørungavåg ikkje leverast før 10. februar, så fram til rundt dei tider burde dei fleste få bli, seier Garnes.

Han poengterer også at fleire har den lengste oppseiingstida, som er på 6 månadar.

Ansiennitet vil telje

Gina Bjørdal fortel at mange av dei tilsette i Hjørungavåg har opparbeidd seg lang ansiennitet, og når spørsmåla om å flytte folk til Ulsteinvik eller Brattvåg kjem, meiner ho mange av dei som no er tilsette i Hjørungavåg vil stille sterkt.

– Det er heilt klart store sjansar for at dei med høg ansiennitet vil bli prioritert høgt. Vi har mange godt utdanna folk hos oss, og der er mange som har lang erfaring både frå land og frå offshore. Det vil heilt klart bli rift om interne og eksterne arbeidsplassar når vi får sterkare signal om framtida, over jula ein gong.

Ho fortel at mange ho snakkar med på anlegget kjenner det godt på seg at den usikre situasjonen tynger.

– Nokon greier å tenkje positivt, nokon tenkjer kva dei no skal ta seg til, og nokon ser ikkje håp for framtida. Vi reagerer ulikt som menneske. No får vi berre stålsette oss for det som kjem, og ha ei god jul med familiane våre først.