– Konseptuelt var det snakk om å få til noko som gir deg eit visuelt inntrykk. Det er enkle bestandsdelar, det skal vere enkelt for folk å sjå kva som er tilgjengeleg av varer, kva vi sel. Men det skal også vere noko som bryt med den tradisjonelle oppfatninga av kva ein klesbutikk er, i alle fall på våre kantar. Det er ein ryddig og reindyrka butikk.

– Konseptet i butikken er samla sett meir eller mindre eit livsstilskonsept, seier Riise.

– Steikje bra

Spørsmålet somme i lokalmiljøet stilte seg då Æra opna dørene i Sjøgata var om det var liv laga for ein slik butikk i Ulsteinvik sentrum. Det er det, kan Riise skrive under på.

– Det har gått steikje bra, for å seie det slik. Vi hadde eit hårete mål med tanke på budsjett og inntening, men vi ville også vere konservativt optimistiske. Vi har toppa det vi hadde tankar om, seier Riise og smiler.

Æra er inne i sin fjerde driftsmånad, og så langt vil medeigar og dagleg leiar Johs. Christian Riise seie at konseptet verkeleg byrjar å setje seg. Omsetninga for november og desember var god, i forhold til kva Johs. og den andre eigaren Aleksander Håskjold såg føre seg.

– I november låg vi 20 prosent over det vi hadde budsjettert med. I desember låg vi femten prosent over. Då må vi seie oss nøgde.

No er februar berre to dagar gammal, og resultatet frå januar er ikkje heilt klart enno, men også her ser Æra ut til å kunne lande på eit greitt resultat.

– Største problemstilling i januar har vore at vi rett og slett ikkje har hatt nok varer. Det er utfordrande dette vakuumet mellom vintersesong og vårsesong. Vi har ikkje visst heilt korleis vi skulle ordne det logistikkmessig, men det kjem seg, seier Riise.

Gode tilbakemeldingar

Æra Lounge er ein annan del av konseptet som truleg kjem på plass i løpet av mars,

– Det vil avhjelpe både i forhold til korleis lokalet opplevast, men også korleis vi stiller ut varene i butikken og held flyten i vareinnkjøp- og sal.

Tilbakemeldingane så langt har vore einsidig positive, fortel Riise.

– Så langt er det alt ifrå den moderate og forsiktige sunnmørske vrien, «Dette var ikkje så verst!», til panegyriske knefall. Vi lærer heile tida, og det verkar på folk som at vi har treft eitt eller anna med dette konseptet. Vi vil ikkje bli oppfatta som blaserte, det er relativt folkeleg det vi driv med, og det er godt at andre enn oss også ser det.

Med den gode tida Æra har hatt sidan oppstarten i baktankane, er Johs. klar på ein ting.

– Vi ønskjer ikkje vere eit blaff i bybiletet i Ulsteinvik. Vi er komne for å bli.