Vikebladet Vestposten møter Tore på kontoret sitt på Stålhaugen like utanfor Ulsteinvik sentrum. Dammerud har jobba nesten 20 år innanfor offentleg forvaltning og leiing, i ulike roller.

Starta eige selskap

For åtte år sidan fekk han jobb som innkjøpar i Ålesund kommune, og i forfjor starta han enkelmannsføretak. I mai i fjor starta han aksjeselskap.

– Enkelt sagt jobbar eg med innkjøp, som rådgjevar i forhold til offentlege innkjøp og gjennomføring av konkurransar for kommunar og andre offentlege instansar. Det er sjølve gjennomføringa av prosessen, med kartlegging, klargjering, førebuing, lage konkurransegrunnlag, lyse det ut, gjennomføre konkurransen og så hjelpe til med val av leverandør og dokumentasjon, eg driv med, fortel Dammerud.

Han legg ikkje skjul på at han ønskjer at rådgjevingsfirmaet hans skal bli den foretrukne leverandøren på innkjøpsområdet på Nordvestlandet.

– Det blir gjennomført offentlege innkjøp på 460 milliardar kroner årleg i Norge, men gjennomføringa av desse innkjøpa blir regulert av eit EU-tilpassa regelverk som ofte blir sett på som særs vanskeleg. Det er her Dammerud Kompetanse AS kjem inn i biletet.

– Det er varierande grad av profesjonalitet i innkjøpsorganisasjonane. Til dels har kommunane i veldig liten grad moglegheit til å sitje med den naudsynte kompetansen sjølv. I Møre og Romsdal har kommunane delvis løyst dette med å gå inn i innkjøpssamarbeid med andre kommunar. Det er mellom anna eitt innkjøpskontor i Ålesund som dekkjer heile Sunnmøre, i alt 20 kommunar. Om det er behov for det, kan altså Dammerud hjelpe til også her.

– Eg har eit solid fortrinn ved at eg har jobba ved innkjøpskontoret, og forstår samanhengane, seier Dammerud. Han fortel at han har kundar frå Sandøy i nord til Luster i sør, og at han ønskjer å bli ein aktør å rekne med i dette området.

– Med meg kjøper ein ferdig, oppdatert kompetanse. Sidan eg byrja har eg gjennomført innkjøp av større maskinelt utstyr, eg har gjort tenestekjøp, vikartenester innanfor pleie og omsorg, og meir. Det er ein spanande kvardag, seier han.