Verksemda Frøystad Fiskevegn i Frøystadvåg i Herøy skiftar namn. Noko omfattande namneskifte er det ikkje snakk om. Namnet vert endra frå Frøystad Fiskevegn til Frøystad.

Verksemda, som vart skipa i 1972, har produsert garn og tauverk av ulikt slag. No ønskjer dei å utvide produkspekteret for å utvide marknaden og opne for vidare vekst. Det er i samband med dette at dei vel å skifte namn.

- Vi har mange års erfaring med produksjon av fiskevegn og plastkar. No ønskjer vi å nytte denne kompetansen også på andre felt, fortel Per Frøystad.

Dei vil sjølvsagt halde fram som før med produkt til fiskeri og fiskeindustri, men satsar i tilegg sterkare inn mot havbruk der til dømes fuglenett og teiner til leppefisk er aktuelle produkt.

Kunnskapen innan produksjon av tauverk og nett har også gjort dei i stand til å satse på sportsmarknaden, der dei mellom anna kan levere ballfangarnett og fotballmål.