– Vi har kadettar på billegsal. No må vi berre få reiarlaga med på dugnaden. Sjølv om reiarlaga berre skal stilla med kost og lugar, har vi framleis 120 utan opplæringsplass, seier Tor Egil Fjelde, ansvarleg for den nasjonale kadettdatabasen til nettavisa maritime.no.

Avisa peikar på at studentar ved maritime fagskular og høgskular treng frå seks til tolv månaders praksis på skip for å få fullført utdanninga si. Men med mange skip i opplag er det ikkje lett å få innpass. Aller vanskelegast er det å koma gjennom nålauga hos offshorereiarlaga på Vestlandet.

– 85 prosent av kadettane blir tilsett i reiarlag som ligg i området frå Stavanger til Ålesund. Når desse reiarlaga har over 100 skip i opplag, så er det utfordrande, seier Fjelde.