Det var stor glede rundt møtebordet til Mare Safety på Stålhaugen då kontrakten på leveranse av totalt 14 bysser og 4 MOB-båtar til Kleven blei underteikna. Både byssene og båtane skal leverast i løpet av 2016 og 2017, parallelt med Kleven sine skipsleveransar.

Viktig kontrakt

Blekket var nesten ikkje tørka på papira då Vikebladet Vestposten møtte den blide gjengen i morgontimane torsdag. Dette er ei kontrakt som er veldig viktig både for leverandør og kjøpar.

– I desse tider betyr dette enormt mykje. Å få ein slik ordre no vil gi oss eit godt grunnlag for vidare drift. Vi kan med dette sjå framover, og vite at vi har arbeid desse to åra, seier Reidar Vågeskar, administrerande direktør i Mare Safety, og legg til:

– Det er ein vesentleg ordre, og den største vi har inngått i selskapet si historie. 14 bysser er mykje på ein gong, det er berre å vere ærleg på. Vi har mykje arbeid framfor oss, men vi ser fram til fortsetjinga.

Godt lokalt samarbeid

For Kleven betyr det mykje at dei faktisk kan sjå leverandøren frå kontorvindauga.

– Vi er i den heldige situasjonen at vi har ei god ordrebok i Kleven-konsernet generelt, og det er også slik at vi prøver så godt vi kan å orientere oss i forhold til lokale leverandørar når vi vel utstyr til båtane vi byggjer. Vi er veldig glade for at vi fekk i hamn denne kontrakten med Mare Safety, seier Odd Magne Skotnes til Vikebladet Vestposten.

Samarbeidet mellom Kleven og Mare Safety strekkjer seg langt bak i tid, heilt til då Mare Safety blei etablert i år 2000.

– Det har vore eit langt og godt samarbeid, noko vi set stor pris på, seier Skotnes.

Les meir i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.