"Årets daglege leiar" og "Størst salsauke" var berre to av prisane butikkdrivar Maria Wolle Flø ved forretninga Vita på Amfi i Ulsteinvik stakk av med då ho deltok på velværebutikk-kjeda si årlege landssamling på Gardermoen nyleg.

Første kvelden vart det delt ut såkalla VitaAwards med Atle Pettersen som konferansier. Heile tre gongar måtte Maria på scenen og hente prisar der ho var best i landet: "Størst salsauke", "Størst auke i snittsal"  og "Antal varer per kunde". I tillegg til dette fekk Vita Ulsteinvik også ein 3. plass for "Beste snittsal i landet".

Kvelden etter tok Jenny Skavlan over, og igjen måtte Maria på scena. Konkurransen er hard mellom dei vel 200 franshisedeltakarane som er tilknytta Vita. Også her var det Maria som stolt kunne ta i mot diplomet for "Årets daglige leiar distriksvis i VITA 2015". Dette er ein pris som Maria også fekk tildelt i fjor på ei tilsvarande samling. Kriteriane her var: "Budsjettoppnåing, omsetnadssutvikling, gjennomføring av kampanjar og konseptet, servicegrad og kundebehandling".

På toppen av det heile fekk Maria også prisen "Årets daglig leder i VITA 2015". Med andre ord gjorde Maria og Vita Ulsteinvik reint bord.

- Det viktigaste for oss har alltid vore å tilrå det beste til kunden utifrå kva ho eller han treng og ønskjer, ikkje kva summen vert på kassalappen. Til sjuande og sist er det den nøgde kunden som kjem tilbake og det er denne kunden vi lever av, seier Maria Wolle Flø.