Hamnevesenet i Rotterdam gir rabatt til skip som er miljøvenlege, og øvst på hamna si liste finn ein «Island Condor». Det skriv Sunnmørsposten.

- Ifølgje Environmental Ship Index er dette det mest reine havgåande fartøyet som har vore innom Rotterdam hamn dette århundre, skriv hamnevesenet på sine nettsider.

Plattform supplyskipet som er av Rolls-Royce-designet UT 776 CD blei lansert for å minimere utsleppa av NOx-og SOx-gassar i atmosfæren.

Island Offshore-sjefen meiner mannskapet skal ha mykje av æra for skrytet frå hamnevesenet.

- Mannskapet på våre fartøy set si ære i å operere skipa på ein miljøvenleg måte, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore, til hamnevesenet si nettavis.