- Det er kjekt å kunne komme med ei slik gladmelding frå oss, men også for den maritime industrien, fortel HR-direktør i Kleven-konsernet, Kathrine Holstad, til Vikebladet Vestposten.

Holstad fortel at stillingane som blir lyste ut er viktige for kontraktane og arbeidet med dei framover. Kleven har ei fyldig ordrebok og skip til ein verdi på over 11 milliardar er anten under bygging eller skal leverast.

- Dette er stillingar som skal styrke det tekniske fagmiljøet i Kleven. Vi søkjer etter relevant kompetanse, og vi er på jakt etter ingeniørar, prosjektleiarar og arbeidsleiarar. Vi har fleire spanande prosjekt innanfor ulike segment, for kundar over heile verda. Mange prosjekt som vi også ser vil gi faglege utfordringar, seier Holstad og legg til:

- Det er veldig gledeleg for oss å kunne gå ut og rekruttere no. Vi har mange parallelle prosjekt og ikkje minst krevjande prosjekt.Holstad seier at Kleven har fått god respons på stillingsutlysingane.

- Vi har allereie fått inn både søknadar og telefonar. Og vi veit også at mange har vore på besøk på heimesida vår, der folk kan gå inn og lese meir om kva dei ulike stillingane går ut på. Det er ei spanande tid for oss i Kleven, seier Kathrine Holstad.