- Det har ikkje vore dei store endringane i arbeidsløysa her i fylket, melder fylkesdirektør i NAV, Stein Veland.

- Justert for vanlege sesongvariasjonar har vi ein nedgang i arbeidsløysa den siste månaden på 18, ei litt svakare utvikling enn i resten av landet der nedgangen er rundt 1000, seier han.

Hareid er den kommunen som har høgast arbeidsløyse på Søre Sunnmøre. Her er 5,4 prosent av arbeidsstokken utan arbeid. Dette utgjer i alt 145 personar, fordelt på 97 menn og 48 kvinner. Dette er ein auke på ein person den siste månaden og 45 fleire enn på samme tid i fjor.

I Herøy er det i alt 239 ledige, noko som tilsvarar 5,2 prosent av arbeidsstokken. Av desse er 152 menn og 87 kvinner. Dette er 15 færre enn sist månad, men 107 fleire enn på same tid i fjor.

Ulstein har ein arbeidsløyseprosent på 4,6. Dette omfattar 206 personar, 135 menn og 71 kvinner. Talet på arbeidsledige i Usltein har gått ned med 9 den siste månaden, men i høve til i fjor er de tein auke i talet på ledige på 110 personar.

I Sande er 50 personar utan arbeid, eller 3,6 prosent av arbeidsstokken. Dette er 31 menn og 18 kvinner. Dette er ein færre arbeidsledig enn månaden før, men 21 fleire ledige enn på samme tid i fjor.

I Ørsta er det i alt 157 ledige, 2,9 prosent, noko som er ein tilbakegang på 21 den siste månaden. Det er 25 fleire ledige i Ørsta i april i år enn på samme tid i 2015.

I Volda er arbeidsløyseprosenten på 2,6. Dette omfattar 120 menneske og er ein tilbakegang på fem personar den siste månaden. I høve til samme tid i fjor har de tvore ein auke på 25 ledige.

Lågast arbeidsløyse på Søre Sunnmøre finn vi i Vanylven. Der er det 41 ledige, 33 menn og åtte kvinner, noko som utgjer 2,5 prosent av arbeidsstokken. Dette er 10 færre enn i mars, men 10 fleire enn på samme tid i fjor.

På landsbasis er arbeidsløyseprosenten no 3,1, medan den på fylkesplan er 3,3 prosent.