Kleven skal bygge det avanserte skipet, eit stort kabelleggjarskip, som skal vere klart til overlevering til ABB i 2017. No har Remøy Management fått i oppdrag å sysselsetje 44 sjøfolk, som skal drifte skipet. Det skriv Nett.no.

Les også: Ny storkontrakt til Kleven

Kontrakten med ABB fører mellom anna til at Remøy Management må ha fleire tilsette.

- Vi blir mindre påvirka av kriser. Dette gjer kontrakten ekstra viktig, seier Even T. Remøy, dagleg leiar i Remøy Mangement, til Nett.no.

I forkant av signeringa av kontrakten med ABB hadde selskapet 15 tilsette, som hadde ansvar for totalt 120 sjøfolk. Selskapet hadde også ansvar for sjøfolka på fire av skipa til tidlegare World Wide Supply, før dei blei lagde i opplag.