Den kristne bokhandelkjeda Vivo, tidlegare Bok & Media, har levert konkursoppmoding til Skifteretten, skriv Vårt Land.

– Dette er svært beklageleg, men selskapet kan ikkje drivast for kreditors rekning når det ikkje er økonomisk grunnlag for vidare drift, seier styreleiar i Vivo, Tor Odd Berntsen i ei pressemelding.

Det er to år sidan den kristne bokhandelkjeda Bok & Media fekk namnet Vivo, men selskapet har lenge slite med økonomien. I 2015 hadde kjeda eit underskot på om lag 3,7 millionar kroner. Fram til 1. mars i år har bokhandelkjeda tapt ytterlegare cirka 2 millionar kroner, skriv Vårt Land.

Med avviklinga mister mange kristne forlag ein av sine viktigaste salskanalar.

– Det er med djup sorg og tårer at vi erkjenner at eigarane har måtta ta eit så drastisk skritt, seier Svein Andersen, administrerande direktør i dei to kristne forlaga Hermon og Genesis. Han anslår at 20– 25 prosent av boksalet til Hermon og Genesis har blitt selt gjennom kjeda.

Sjølv om det går mot konkurs, betyr ikkje det at alle butikkane forsvinn.

– Det er sannsynlegvis interessentar her som ønskjer å gå inn og overta butikkar. I dei 33 åra eg har drive forlag har talet på kristne bokhandlar sokke frå 64 til 24, så vi håpar at flest mogleg av butikkane kan reddast, seier Andersen.

Normisjon er hovudaksjonær i Vivo, med 85 prosent av aksjane. Resten er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.