Det skjer svært spanande ting i konkursråka Kokk’N’Roll sine gamle lokale i første etasje av Convex-bygget i Ulsteinvik sentrum. Bak vindauga som i nokre veker har vore dekte av brunpapir, har Ingrid Margrethe Ulstein og Thor-Erik Andersen og gode hjelparar jobba på for å ferdigstille det som skal bli Folk Spiseri. Eit heilt nytt tilbod på matfronten i Ulsteinvik, som Ulstein og Andersen skal drive i lag.

– Det blir ein stad der alle som vil kan gå til, og føle seg velkomne. Det ligg jo litt i namnet også. Her blir det ikkje kvite dukar, og ein treng ikkje vere stivpynta. Ein skal heller ikkje bli pressa til å kjøpe tre-fire rettar. Om ein vil ha husets pommes frites eller ein spekeplanke, det er opp til den som kjem hit, seier Thor-Erik.

Ingrid Margrethe legg til:

– Ein skal kunne føle seg heime her. Det skal vere litt som å kome heim til nokon, nokon ein ikkje treng å vere så høgtidleg rundt.

Satsar på lokalmat

Sjølve spiseriet vil få mørkt tak og lyse vegger. Når det gjeld maten, så har Ingrid Margrethe og Thor-Erik i førebuingane sine før dei opnar spiseri vore på rundtur, der dei har testa ut mykje lokalmat og gode råvarer ved fleire smågardar og bryggjeri. For gode og enkle råvarer er heilt essensielt, seier dei.

– Vi besøkte mellom anna Slogen Mat, som har røykelaks, spekemat og skotske høgfjells-fe. Vi var innom Baatbryggeriet på Vestnes, Tonga Gardsbryggeri og Melchiorgarden i Norddal, og Geiranger Bryggeri. Vi kjem med andre ord til å ha ein del lokale råvarer.

Mangslungen meny

Thor-Erik Andersen er ein røynd kokk, og er kjend for å lage svært god mat. Når han no skal lage mat i sitt eige spiseri er det mykje han kan tenkje seg å lage. Han er mellom anna svært glad i stykningdelane på dyra, dei som tek lengst til å koke og steike.

– Kjakar, halar, knokar og slikt. Men så må vi også ha fisk på menyen, og klippfisk kjem til å bli fast inventar her, kan Andersen avsløre.

– I byrjinga blir det nok litt prøving og feiling for å finne ut av kva folk vil ha, men det vil nok setje seg meir etter kvart, seier Ingrid Margrethe Ulstein.

Gode tilbakemeldingar

Jungeltelegrafen har gjort sitt, og både kjend og ukjende har kontakta Ulstein og Andersen for å forhøyre seg om når dei skal opne.

– Det har vore mange gode tilbakemeldingar, og fleire har allereie booka seg inn på bord i opningsveka vår, fortel Thor-Erik.

– Vi har sagt med oss sjølve at om det blir fullt trykk frå starten av, så kan vi setje av eine delen av sitjegruppene til booking, og halde resten ope. Vi skal alltid ha plass til den som ønskjer å ete her, seier Ingrid Margrethe.

Det gamle golvet er rive og underlaget er slipt ned og impregnert. No står det att å få på plass fliser, få måla vegger og å få på plass alt utstyr. Ingrid Margrethe og Thor ser føre seg å opne Folk Spiseri i juni, og helst i tid før Smak av Ulstein.

– Det er ikkje berre opp til oss, men også leverandørane våre. Skjenkeløyve og serveringsløyve er på plass, så den dagen vi er klare for opning, så opnar vi, seier dei to avslutningsvis.