Østensjø Rederi har realisert ein opsjon på å bygge sitt andre nye servicefartøy for vindparkar. Rolls-Royce har no signert kontrakt med verftet Astilleros Gondan i Spania om levering av design og skipsutstyr.

Den første kontrakten mellom Astilleros Gondan og Rolls-Royce på utvikling av eit vindparkfartøy til Østensjø Rederi vart annonsert i oktober 2015. Begge fartøya vil operere som base for mannskapet som skal drive vedlikehald på vindturbinar. Ein landgang som kompenserer rørslene i sjøen skal sikre ein trygg veg mellom fartøy og jobb, og syte for god oppetid for vindparkane.

De to nye fartøya med designtype UT 540 WP er spesialutvikla til bruk i offshore vindproduksjon i grunnare farvatn. I tillegg til gode sjøeigenskapar har det nye designet fokus på stødig posisjonering, redusert forbruk av drivstoff samt auka komfort og tryggleik om bord.

– Dette blir vårt andre fartøy utvikla til støtte for storskala vindkraftproduksjon. Den breie offshoreerfaringa vår kjem til sin rett på ein ny og framtidsretta måte i dette prosjektet, seier Helge Gjerde, direktør for Offshore & Merchant Solutions i Rolls-Royce.

Det første fartøyet skal i oppdrag i vindparken Race Bank mens det andre skal jobbe i vindparken Hornsea Project One, begge utanfor kysten av Storbritannia. Operatør er danske DONG Energy.

I tillegg til design skal Rolls-Royce også levere ein utstyrspakke som består av hovudpropellar (azimuth thrusterar), stillegåande sidepropellar (tunnelthrusterar), DP2 dynamisk posisjonering, elektrosystem, dekksmaskineri og den nyaste generasjonen av Acon automasjons- og kontrollsystem.