Rundt klokka 12 torsdag blei Havyard-aksjen handla for 5,70 kroner aksjen, ein auke på tjue prosent frå onsdag. På tre dagar har verdien av Havyard-aksjen auka med enorme 130 prosent, og aksjeposten til konsernsjef Geir Johan Bakke, som eig 5,3 prosent av selskapet, auka frå tre til sju millionar kroner. Det skriv Nett.no. (Ekstern lenkje).

Bakke fortel til næringslivsnettstaden at aksjeverdien har auka frå eit veldig lågt nivå.

- Aksjekursen har gjenspegla både tap på prosjekt og risiko på kundar. Begge deler er no normalisert, seier Bakke til Nett.no.

Oppgangen på Oslo Børs kjem først og fremst etter at selskapet kunne legge fram positive tal for første kvartal 2016.