– Vi vil vere ein byggevarehandel og ikkje berre eit lager, seier Lars Henrik Hasund, avdelingsleiar ved Byggi Ulstein.

1. januar bytta trevarehandelsverksemda i Saunesmarka kjede, og har med det vore gjennom fleire endringar. Heile vegen har fokuset vore å jamne ut delen proffkundar versus privatkundar.

– Vi har hatt mest proffkundar, men ønskjer no å rette oss mot privatmarknaden i større grad enn før, seier avdelingsleiaren.

Også lokala til verksemda har tidlegare vore meir tilrettelagd for tyngre byggevarer, men går no gjennom ein oppussingsprosess der det skal bli meir brukarvenleg for privatmarknaden.

– Vi skal prøve å vri heile opplegget vårt. Vi er eit byggevarehus som er godt etablert i området, med god omsetnad og flotte lokale. No gjeld det berre å gå gjennom denne transformasjonen, fortel Hasund.

Byggeriet til Byggi

Skiftet kom som følgje av ein nasjonal avtale mellom Norgeshus og Optimera, der eit kjedebytte frå Byggeriet til Byggi blei resultatet. I samband med kjedebytet blei fokuset meir brukarretta.

– Vi har ikkje hatt sjansen til å dreie fokuset så mykje over på privatmarknaden før. Men, med den nye kjeda har vi eit mykje større støtteapparat, så det ligg betre til rette for oss å gå meir over frå proff til privat.

Det betyr ikkje at byggefirma ikkje finn det dei treng der lenger, men at det i endå større grad skal vere brukarvennleg også for mannen i gata, forsikrar Hasund.

– Vi har tre tilsette på bruket no, og blir kanskje nøydde til å tilsette fleire no som vi også har byrja med laurdagsope. Det blir ei spanande tid framover, seier Hasund

Tidenes start

Byggi deler lokale med Handverksbygg og Norgeshus. Spesielt Norgeshus merkar ein nedgang i talet på bestilte nybygg i området. Men, folk har i større grad gått over til å pusse opp i heimen, noko som er bra for Byggi.

– Folk handlar materiale i stor stil. Vi har difor hatt tidenes start på eit driftsår i år, seier Lars Henrik Hasund til slutt.