Island Offshore, representert av administrerande direktør Håvard Ulstein, er kåra til  «Oil man of the year 2016», av Society of Petroleum Engineers (SPE). Ulstein mottok den gjeve prisen under ei tilstelning i Stavanger i går kveld.

Island Offshore vert tildelt prisen for oppbygginga av lett brønnintervensjonsteknologi (LWI) samt gjennomføringa av kveilerørsoperasjonar frå fartøy.

- Dette er tankar fleire operatørar har jobba med i fleire år, men ikkje klart å gjennomføre. Island Offshore har satsa og gjennomført dette med stor suksess, og med auka tilgjenge til subseabrønnar med auka ressursutnytting som resultat, heiter det i grunngjevinga.

- SPE Stavanger legg til grunn ei stor grad av nytenking og satsing over fleire år. Dette hadde ikkje vore mogleg utan ei leiing og ein eigar som ser verdien av langsiktig tenking, og som har mot til å satse utradisjonelt. Vi håpar med denne tildelinga å sette fokus på verdiskapinga og effektiviteten av brønnintervensjon og moglegheitene som opnar seg ved kveilerørsboring frå båt, heiter det vidare.

Skrytte av dei tilsette

Håvard Ulstein heldt takketale under den årlege tilstelninga til SPE, og fortalde korleis LWI-satsinga starta med Island Frontier som fyrste båten i rederiet i 2004:

- Med ny båt levert frå verft i april 2004, slo vi oss saman med FMC og Aker Well Service og forma ein allianse med Island Offshore som kontraktør. Derifrå og ut har det vore eit eventyr, og vi kan takke Chevron for å ta båten på si fyrste faste kontrakt våren 2005. Vi fekk vist kva vi var god for, og Statoil tildelte oss då vår fyrste kontrakt med dei på 150 dagar, som i ettertid har blitt til fleire år. På bakgrunn av denne første kontrakta starta vi bygginga av Island Wellserver, og eg vil berømme Statoil for å stole på oss og alliansepartnarane til å utføre intervensjonsarbeidet for dei. Utan ein stor aktør som Statoil ville det ikkje vore mogleg for Island Offshore å etablere seg som ein slik stor aktør innan LWI-tenester.

Han skrytte også av dei tilsette som har vore med og gjort dette mogleg:

- Verda, og spesielt offshoreindustrien har blitt bygd opp av ingeniørar og med det som bakteppe  er eg beæra for å vere her blant dykk. På same måten har Island Offshore blitt bygd opp av drivande dyktige ingeniørar, både i Stavanger og i Ulsteinvik. Desse folka har starta tidleg, og jobba til seint på kveld. Dei har blitt gitt vide fullmakter til å utvikle tenester som  har gitt auka utnytting av fartøya våre, og dei har levert med glans. Uttallige suksessfulle prosjekt kan vitne om det.

- Det er ei stor ære å motta denne prisen, og ein fantastisk motivasjon til å halde fram med å tøye grensene. Island Offshore skal halde fram med nyskaping!