Aurvoll og Furesund, ei av dei store entreprenørverksemdene i regionen, betra resultatet sitt kraftig frå 2014 til 2015. Det skriv Nett.no.

Verksemda har gått frå 102,4 millionar kroner i driftsinntekter og 1,1 million kroner i driftsresultat før skatt i 2014, til 93,6 millionar kroner i driftsinntekter i 2015, med eit resultat før skatt på solide 7,1 millionar kroner.

Totalt 44 tilsette jobbar for verksemda, og det er ei omfattande omorganisering som har gitt resultat.