Både varekonsumet og omsetnaden i detaljhandelen var uendra i april, viser nye tal frå SSB. Færre kjøpte bilar, bøker, klede og sko, mens straumforbruket auka.

Dei sesongjusterte tala viser at varekonsumet til hushalda var på same nivå som i mars. Trass i at det var ein oppgang i elektrisitets- og brenselsforbruket på 3,6 prosent etter to månader med nedgang, gjorde nedgangen på 1,3 prosent i talet på bilkjøp at det totale varekonsumet var tilnærma uendra.

Også det totale salet i daglegvarehandelen var uendra frå mars til april, etter ein nedgang på 0,7 prosent frå februar. Mens nordmenn kjøpte noko meir byggjevarer og elektroniske hushaldsapparat i perioden var det ein nedgang i salet av bøker, klede, sko og telekommunikasjonsutstyr.

Vurderinga frå makroøkonomane er at forbruksveksten held seg svak, og at dette kan understøtte eit nytt rentekutt i september.