NAV fekk inn over 5.600 varsel om moglege oppseiingar og permitteringar i april. Det er heile 2.700 fleire enn for eitt år sidan, nesten ei dobling av talet. Det viser tal frå NAV. 4.600 av desse varsla er gjeld oppseiingar. Saman med oktober 2015 er det det høgste talet i løpet av ein månad etter arbeidsløysa byrja å auke.

- Sjølv om det har kome nokre positive signal i den norske arbeidsmarknaden dei siste månadane, stadfestar desse tala at vi framleis må forvente vekst i arbeidsløysa, særleg innanfor enkelte bransjar og regionar, seier arbeids- og velferdsdirektør i NAV, Sigrun Vågeng.

Rogaland er det fylket som framleis er mest utsett. Heile 2.000 arbeidstakarar fekk her varsel om oppseiing eller permittering i april månad.