Som ei av dei største lærlingbedriftene i fylket på elektro, med til saman 21 lærlingar under opplæring, har Tussa-dotterselskapet Tussa Installasjon eit stort fokus på å lære opp neste generasjon arbeidstakarar.

- Vi tek inn lærlingar både fordi det er eit samfunnsansvar og fordi det tilfører nye krefter til bedrifta vår. Læretida er ein viktig del av utdanningsløpet for ein elektrikar. Då må vi vere med og støtte opp. Med lærlingane følgjer også oppdateringar i læreplanar og utvikling i faget, noko vi haustar god nytte av på mange måtar, seier Jo Stian Tverberg, administrerande direktør i Tussa Installasjon.

Ein femtedel er lærlingarMed trongare tider for mange av verksemdene i området vårt, kan det vere tøft for unge å få seg lærlingplass. Ser ein på søkjartala til Tussa Installasjon, var det rekordmange som ønskte lærlingplass i år. Seks ungdommar har fått positivt svar og vil starte opp om kort tid. Då vil 21 av dei rundt 90 tilsette i selskapet vere lærlingar.   - Vi har høg aktivitet og mange nye prosjekt, og forventar høg aktivitet også i tida framover. Difor har vi moglegheit til å ta i mot mange lærlingar, seier Tverberg.

Raskt integrertMagnus Myrene Stokke er ein av desse lærlingane, og han er svært glad han fekk lærlingplass i Tussa Installasjon. Han har gått automasjon ved Ørsta vidaregåande skule, og starta som lærling i Tussa Installasjon for to år sidan.

Då han starta vart han raskt integrert i arbeidsmiljøet på lik linje med dei andre tilsette. Undervegs i læretida vert han tett følgt opp av fagleg leiar, lærlingansvarleg, montørar og basar rundt på dei ulike prosjekta. Tussa Installasjon har lang erfaring med å ta i mot lærlingar, og rutinane for å følgje opp lærlingane er såleis godt etablerte. Trivsel, sikkerheit og medverknad på arbeidsplassen er viktig.

- Det er varierte dagar og oppgåver. I dag jobbar eg på ein privatbustad, men eg har også vore med på større prosjekt som til dømes det nye hotellet og badelandet i Fosnavåg og det nye bygget til Felleskjøpet i Furene, fortel Magnus Myrene Stokke.

Moglegheit for fast jobbVed endt lærlingtid og avlagd fagprøve står den nye elektrikaren fritt til å velje vegen vidare. Tussa Installasjon opplever ofte at fleire ønskjer arbeid vidare.

Magnus har ikkje heilt bestemt seg om han skal gå vidare på fagskule etter han har fått fagbrevet, eller om han skal jobbe. Vert det jobbing, står Tussa Installasjon høgt på lista over ønskt arbeidsplass. I følgje Tverberg er det moglegheit for fast tilsetjing for dei som er lærlingar i bedrifta.

- Å bruke lærlingordninga som rekrutteringsmetode for å finne dyktige fagarbeidarar har fungert godt for oss. Mange av dei som utmerkjer seg positivt i læretida har fått tilbod om fast jobb. I dag har vi montørar, basar og prosjektleiarar som starta som lærlingar. Nokre er også etterutdanna i bedrifta med spesialkompetanse etter behov og interesse, seier direktør Tverberg til slutt.

Administrerande direktør i Tussa Installasjon, Jo Stian Tverberg. Foto: Tussa Installasjon.