Vikebladet Vestposten møter administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, til ein prat kring stoda i det Ulsteinvik-baserte reiarlaget. Nyleg kunne Håvard ta i mot den prestisjetunge «Oil man of the year 2016» av Society of Petroleum Engineers (SPE), under ei tilstelling i Stavanger.

– Det å kunne ta i mot denne prisen var stort for oss. Så trur eg også at det var stor einigheit i at det var vel fortent. Mange meinte det var på tide at vi fekk denne prisen, seier Håvard Ulstein.

Les også om Håvard Ulstein som rosar Kjell Inge Røkke: – Mannen har teft

– Flår industrien

Prisen fekk Island Offshore for oppbygginga av lett brønnintervensjonsteknologi (LWI) samt gjennomføringa av kveilerøyroperasjonar frå fartøy.

– Det er alltid slik at ein tenkjer og kvir seg for å nytte pengar på ting. Det har ikkje vore billig dette, men ein slik pris er til stor inspirasjon for å jobbe vidare med det, seier Ulstein og legg til:

– Dette til trass for at kundane våre og oljeselskapa forlanger meir og meir.

– Kva legg du i det?

– Dei flår industrien i dag. Kva skal ein sitje igjen og drive innovasjon for og av, det må fuglane vite. Ting skjer trass i, og ikkje på grunn av. Slik som skipsbyggingsindustrien og skipsdesign, som nyttar dårlege tider til å drive innovasjon, men det kostar pengar. På same måten er det for oss. Men om det ikkje er pengar å ta av så har vi heller ikkje pengar til å lønne folka som skal drive med dette.

Ulstein dreg mellom anna fram oljeselskapa.

– Om ein ser på kva oljeselskapa gjer i dag, med å presse prisane og kontraktane, og legge alt ansvar over på leverandørane, utan at leverandørane får spesielt godt betalt for det, ja, då blir det vanskeleg, seier Håvard Ulstein.

Store planar

Direktøren kan avsløre at Island Offshore har mykje spanande på gong.

– Vi har store planar. Alt i denne industrien i dag går ut på å finne rimelegare måtar å gjere ting på. Det er det vi har gjort heile vegen. Heilt ifrå då vi byrja med brønnintervensjon frå båt, som tidlegare vart gjort med rigg, ein metode som er mykje billigare. Det som er fokuset vårt no er tyngre intervensjon og plugging av oljebrønnar.

Island Offshore har no eit større fartøy under bygging i Japan, som skal drive med mellom anna plugging og tyngre intervensjon.

– Det er utruleg mange nye ting vi kjem til å jobbe med framtida, seier Håvard Ulstein.

– Ikkje så gale

Dei tøffe tidene i den maritime næringa har kravd sine offer i form av konkursar, og permittering og oppseiing av tusenvis av tilsette på verdsbasis. Men, Håvard Ulstein og Island Offshore ser heller framover.

– Det er det same med oss som med mange andre. Vi kjempar kvar einaste dag for å halde oss flytande. Vi må kome oss gjennom denne nedturen. Det er mange med meg som er einige i at ein har passert botnen no, men eg skulle gjerne sett at stigninga var brattare.

– Ser de lyspunkt framover?

– Alt byrjar med oljeprisen. No dei siste dagane har den stabilisert seg på over 50 dollar. Det er eit lyspunkt i seg sjølv, alt byrjar der. Når vi kjem opp i 65–70 dollar er det god grunn til å gi gass, seier Ulstein og legg til:

– Det betyr ikkje at båtane vi no har i opplag skal ut i drift igjen, men det er mange andre båtar som byrjar å tene pengar. Det er det selskapet treng, inntekter. Vi har i dag fem fartøy i opplag, som tidlegare har vore i drift. Slik som det er no er det 20 tilsette som har mista jobben sin hos oss. Det er aldri kjekt å måtte seie opp tilsette, men heldigvis har vi ikkje vore nøydde til å gjere enno større grep. Det med tanke på at for kvar av desse båtane som no ligg stille, så er det 26 tilsette per båt. Dei store offshoreselskapa har sagt opp hundrevis, eller kanskje tusenvis av tilsette. Med oss er det altså «berre» 20. Så har vi hatt ein del folk som har vore permitterte frå intervensjonsfartøya våre, men alle dei er no i arbeid igjen.

– Med oss er det slett ikkje så gale slik det er no, men vi er nok samstundes redde for at det kan bli verre før det blir betre igjen. Vi har fartøy som ikkje har langsiktige kontraktar, og som vi er nøydde til å finne nye jobbar til.

Fleire burde legge i opplag

Tre av skipa til Island Offshore ligg i opplag like ved kontorlokala til reiarlaget i Ulsteinvik.

– Det hadde kanskje vore kjekt at dei låg ein annan plass. Men for min del er det heilt greitt at vi blir minte på det kvar dag. Vi har ein kjempejobb med å få dei tilbake i drift, og då er det like greitt at dei ligg her, nesten rett utanfor kontorvindauga våre. Det beste med det er at vi klarer å ta vare på dei. Det er ingen om bord i båtane no, vi nyttar somme av våre kontortilsette til å sjå til dei.

Slik situasjonen framleis er i marknaden burde fleire reiarlag legge fleire av skipa sine i opplag, meiner Ulstein.

– Heilt klart. Vi har fem av våre 29 skip i opplag no. Om alle reiarlaga hadde tilsvarande prosent av sine skip i opplag hadde marknaden vore i balanse no. Det er sterkt beklageleg at det ikkje er slik, men vi må gjere det vi kan. Vi teller litt på knappane, og lurer på om vi også må ta ut fleire. Men, det er eit anna element også, det lønner seg ikkje for oss å ha skip i drift utan at dei har kontraktar. Slik det er i dag lønner det seg faktisk meir å legge skip i opplag enn å ha dei i spotmarknaden, seier han.