Remøy Management er i ferd med å skaffe rundt 45 sjøfolk til å  drifte ABB sin nye kabelleggar. Mellom anna er stillinga som kaptein og skipselektrikar lyst ut, og då fristen var ute hadde bemanningselskapet fått inn ikkje mindre enn 1750 søknadar til desse to jobbane.

- Dette er eit langsiktig prosjekt som er interessant for mange, seier dagleg leiar Even T. Remøy til NETT.no

LES OGSÅ: Skal finne sjøfolk til ABB

Remøy Management har elles investert i eit dataprogram som tek hand om dei mange søknadane, noko som gjer arbeidet med å gå gjennom mengda med søknadar meir overkommeleg.

Den 140 meter lange kabelleggaren, som inneber ein kontraktsverdi på 1,4 milliardar kroner, vert bygd ved Kleven verft og skal etter planen vere ferdig neste år.

LES OGSÅ: Ny storkontrakt til Kleven

Even T. Remøy reknar elles med å ha tilsett folk i dei to stillingane i løpet av kort tid.