Oljeanalytikar i DNB Markets, Torbjørn Kjus, meiner ifølgje NTB og petro.no at utfallet av folkeavrøystinga i Storbritannia om å gå ut av EU ikkje vil få nokon langvarig effekt.

Prisen på nordsjøoljen Brent gjekk ned med over tre dollar fatet då resultatet blei klart, men går sakte men sikkert opp igjen mot 50 dollar fatet. Botnpunktet var fredag morgon, då prisen var på under 48 dollar fatet, ein nedgong på seks prosent, berre denne dagen.

- Vi ser det som ein kortsiktig effekt. Det endrar ikkje noko for våre prognosar tre, seks eller tolv månadar fram i tid. Det skuldast at det ikkje er i Europa oljeetterspurnaden har sitt tyngdepunkt, så det fundamentale forholdet mellom tilbod og etterspurnad endrar seg ikkje mykje, seier Torbjørn Kjus til petro.no.