Rem Offshore ASA jobbar no med ein heilheitleg restruktureringsplan for å styrke balansen og likviditeten framover. Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Rem har difor dei siste månadane vore i dialog med långjevarane, dei største obligasjonseigarane og majoritetsaksjonærane, og fått aksept for dei viktigaste vilkåra i ei restrukturering.

Sjølv i eit scenario med mindre god drift vil denne restruktureringa sikra Rem ut 2019. Selskapet ønskjer å betre likviditeten med rundt 3,6 milliardar kroner over ei periode på 3,5 år, og redusere netto renteberande gjeld med 900 millionar kroner.

Rem skal mellom anna kansellere nybyggingskontrakten med Vard, og for dette får Vard fire prosent av aksjane i Rem etter restruktureringa av selskapet.

Åge Remøy, som i dag kontrollerar rundt 80 prosent av aksjane i selskapet, blir også nøydd til å redusere sin aksjepost. Men, han ønskjer ikkje å gå under 50 prosent, for så å misse kontrollen over selskapet. Det skriv Nett.no.