Gjeldstynga Rem Offshore har i det siste blitt meir og meir kjøpt opp av Aker. Aker eig også store delar av reiarlaget Solstad Offshore. Dei har varsla at dei ønskjer slå saman dei to reiarlaga, men det ønskjer ikkje styreleiar Åge Remøy i Rem Offshore.

Og det ønskjer heller ikkje herøyordførar Arnulf Goksøyr. Til E24 seier Goksøyr at han opplever framgangsmåten til Aker som eit plyndringstokt, og fryktar at Rem Offshore kan vere eit av Akers mange offer i eit raid av den maritime klynga på Nord-Vestlandet.

Han reagerer på at Aker har kalla Rem Offshore for ei lita brikke i eit stort spel.

– Viss Aker gjer offshoremiljøet i vår kommune til ei lita brikke i sitt spel, har han tatt på seg betydeleg samfunnsansvar. Her på Nord-Vestlandet blir det bygt samfunn og arbeidsplassar på slike bedrifter. Det bør ikkje vere eit spel for Aker, og eg håpar at han (Aker-sjef Øyvind Eriksen) vel andre uttrykk i framtida enn akkurat det der, seier han til E24.

Ordføraren er stolt over det maritime miljøet som er bygt opp her i regionen, og ønskjer ikkje at arbeidsplassar blir flytta sørover.