– Det som skjer i Tyrkia er ikkje positivt, men vi ser at framdrifta i bygginga er som før eller betre, seier Geir Johan Bakke, administrerande direktør i Havyard Group.

Til FiskeribladetFiskaren seier Bakke at det mislukka militærkuppet i Tyrkia for to veker sidan, og den politiske uroa i etterkant, byr på både problem og moglegheiter for båtbyggjarar.

– Den ustabile situasjonen er vanskeleg for oss som byggjer skrog i Tyrkia, og, vil eg tru, for reiarar som byggjer heile båtar der også. Moglegheitene ligg i at prisane må ned og kvaliteten må opp. Det fortel vi våre samarbeidspartnarar i Tyrkia, seier Bakke.

Havyard Group sel skipsdesign og skipsutstyr, i tillegg til å byggje fartøy for verft og reiarlag verda over. Sidan 2005 har selskapet fått skrog bygd i Tyrkia. Som eitt av dei største verftslanda i verda har Tyrkia blitt eit førsteval for norske reiarar som byggjer fiske- og havbruksbåtar. Pris er hovudårsaka, ifølgje FiskeribladetFiskaren.