Olje og offshore er som kjend ikkje den heilt store marknaden om dagen, og difor stiller ikkje Kleven med stand under årets oljemesse i Stavanger, 29. august. Det skriv Nett.no.

- Vi såg kor svart det såg ut, seier Holstad, men reknar med å vere attende meg eigen stand på neste ONS-messa om to år, seier Arve Holstad til Nett.no.

Toppsjefane på fiskerimesse

Sentrale aktørar i Kleven-konsernet, som til dømes styreleiar Kjersti Kleven, konsernsjef Ståle Rasmussen og salsdirektør Holstad stod på standen til Kleven på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim førre veke.

Fisk er heilt klart ei stor satsing for konsernet for tida, noko frammøtet på denne viktige fiskerimessa vitnar om. Så har Kleven også nyleg signert ny kontrakt, om bygging av ein slaktebåt for DESS Aqua.

Les også: Kleven skal byggje slaktebåt