Tysdag denne veka blei dei to ankerhandteringsskipa Maersk Provider og Maersk Puncher overlevert til nye eigarar, tyrkiske Karadeniz Energy Group i Istanbul. Totalt skal Maersk kvitte seg med 20 offshoreskip dei neste 18 månadane. Det skriv Maersk Supply i ei pressemelding.

Maersk har ein overkapasitet på tonnasje, og lukar difor vekk dei eldre skipa i denne omgang. Det betyr samstundes at til dømes ordren med Kleven ikkje blir ramma av denne oppryddinga.

– Nybygga hos Kleven byggast som planlagd, sa Jørn Madsen, administrerande direktør i Maersk Supply Service, til Sysla Maritime i førre veke.

Kleven skal bygge i alt seks nye skip for Maersk.