Og det stemte. Det viser seg nemleg at tre av Kleven-lærlingane i år kjem frå Gudbrandsdalen: John Myrold Bergdølmo frå Vågå, Jostein Ingvaldsen frå Lesja og Kristine Jordet frå Otta.

Les også: Kleven har dobla lærlingetalet

Etternamna «Bergdølmo» og «Jordet» gir kanskje attkjenning for sportsinteresserte. André Bergdølmo var for ikkje så mange år sidan ein kjend landslags- og Rosenborg-spelar.

– Han er søskenbarn til far min, fortel John. - Namnet kjem frå Heidal.

«Jordet»-namnet vil enkelte hugse frå skiskyttararenaen. Olav Jordet frå Vingelen i Østerdalen vart verdsmeister i skiskyting i 1965, men det veit ikkje Kristine Jordet noko om.

Dei tre gudbrandsdølane kom i kontakt med Kleven-systemet gjennom ein praksisperiode ved Nordgudbrandsddalen v.g. skule på Otta. Eit par veker ved Kleven i Polen gav meirsmak.

Jostein er lærling på Kleven på 2. året, John og Kristine er her på første året. Kor vidt dei let seg oppsluke av det sunnmørske industriklusteret eller finn seg arbeid andre stader når fagbrevet er på plass, står att å sjå.

Dei meiner lærlingeutdanninga på Kleven også kan kvalifisere til arbeid i fleire bedrifter i heimtraktene.

Alle tre bur på Kleven sitt hybelbygg. John sin favoritthobby er motorcross, men det blir det neppe mykje av sidan her ikkje er anlegg for slikt. Gokart-bana på Leikongeidet er ikkje det same. Jostein har «bildilla», så her ligg det an til ein god del mekking – medan Kristine er «teiknar».

– Du driv med kunstmaling? spør vi.

– Ja, svarar ho.