Den nye krana nyttar fletta fibertau i staden for stålvaier, og løft heilt nede på 2.500 meters djupne kan no gjerast av ei kran på 250 tonn, ikkje 400 tonn, med løysingane som tidlegare har vore nytta.

– Når ei mindre kran kan gjere same jobben, kan potensielt også eit mindre skip nyttast til kranoperasjonar offshore. Ei mindre og lettare kran er også ein fordel for skipet sin stabilitet når krana er i drift, og kan gi lågare drivstofforbruk, seier Johnny Aarseth, produktansvarleg for kran hos Rolls-Royce i Ålesund.

Kan spleise om bordOm eit fibertau blir skada kan ein ny seksjon enkelt flettast inn, og spleisinga kan gjerast om bord. CTCU-eininga (fibertauvinsjen) under dekk som høyrer til den nye kranløysinga, er laga for å handtere auken i diameter på tauet som oppstår ved spleising. I tillegg til å spole ut og inn tauet bidreg vinsjen til å kompensere for røyrsler i fartøyet, slik at handteringa av last under vatn går så jamnt som mogleg.

I tillegg har selskapet utvikla eit elektronisk kontrollsystem for fibertauhandtering, basert på ti års erfaring med bruk av fibertau offshore.

– Kontrollsystemet overvåkar operasjonen og tauet sin tilstand, og seier i frå når det er tid for inspeksjon og reparasjon, sier Aarseth.