Prisen vart delt mellom selskapa grunna pioneerprosjektet dei samarbeidde om i 2015; å gjennomføre den første boringa av ein offshorebrønn nokonsinne, ved hjelp av kveilerørsteknologi.

- Dette er ein viktig pris for oss, som gir oss mykje verdifull merksemd kring teknologien vår. Det er takka vere Centrica som våga å satse på ny og uprøvd teknologi på oljefeltet, at vi er komne så langt som vi er i dag. No ser vi på korleis vi kan ta teknologien til neste steg – nemleg å nytte kveilerørsteknologi til tung brønnintervensjon i subseabrønnar, seier avdelingsleiar for toppholsboring og P&A i Island Offshore, Per Buset. I tillegg til å vere nominert til innovasjonsprisen, vart også dei to selskapa valde ut til å presentere teknologien og det felles prosjektet sitt, under ein konferanse arrangert under oljemessa: ONS Technical Sessions.

Statens Vegvesen fyrst ute

Teknologien vart nytta for fyrste gong i 2014, då Statens Vegvesen hadde behov for geologiske undersøkingar av fjellformasjonane for ein framtidig undersjøisk tunnell i Rogfastsambandet på E39. Island Offshore nytta då eit av fartøya sine til å bore tre brønnar, og teknologien var dermed kvalifisert. I 2015 tok Centrica det heile til nye høgder då dei nytta kveilerørsteknologien til å sjekke for grunn gass på Butchfeltet på den sørlige delen av den norske kontinentalsokkelen. Aldri før hadde det blitt bora ein subsea pilotbrønn ved hjelp av kveilerørsteknologi!

Neste steg

Neste steg er no å tilpasse teknologien til å kunne utføre tung brønnintervensjon i  levande subsea-kompletterte brønnar:

- Vi håpar å kunne vere klar for første operasjon i 2017 eller 2018, litt avhengig av kvalifikasjonsprosessen. Dette vert banebrytande for intervensjonsarbeid i produserande subseabrønnar, inkludert plug & abandonment markedet, fortel Buset.Per i dag vert det utført lite tung brønnintervensjon på subsea-brønnar, då dette må gjerast frå rigg. Å nytte rigg inneber store kostnadar og høg risiko versus å anvende eit offshorefartøy til jobben. Ratene for eit fartøy er lavare, og behov for mannskap og utstyr om bord er mindre. Det at ein no kan gjere dette utan bruk av stigerør, (riser), gjer at ein sparar både tid og pengar, og ein eliminerer risikoen ved køyring av stigerør til null. Eit anna viktig moment er at ein blir mykje mindre sensitiv for verkreftene, då kveilerøret tåler mykje meir bøying enn eit stivt stigerør. Dette gjer det også mogleg å flytte fartøyet unna brønnen og inn i sikker sone skulle utblåsing skje. Då kan ein mate ut kveilerør og samstundes halde fram med å drepe brønnen medan ein forflyttar seg.

- Centrica anslo at dei sparte om lag 50% på å nytte Island Offshore sitt fartøy og utstyr i staden for rigg til boringa for grunn gass i fjor. I desse tider må slikt vere gull verdt for oljeselskapa, avsluttar Buset.