Den 19. oktober går utleigekontrakten mellom Fosnavåg Shipping og Kystvakta ut for KV Ålesund utan fornying. Etter den tid blir KV Bergen åleine som havgåande kystvaktskip i Nordsjøen.

Forsvarsdepartementet stoppa ei nyutlysing av kontrakten, ifølgje kommandørkaptein Steve Olsen i Kystvakta.

– Vi blir forferdeleg sårbare. Det er ein betydeleg ressurs som blir borte i Nordsjøen. Vi vil prøve å erstatte KV Ålesund med annan kapasitet, men det vil igjen gå ut over andre område, seier kommandørkaptein Steve Olsen i Kystvakta til Fiskeribladet Fiskaren.

Regjeringa gjekk i framlegget til langtidsplan for forsvarssektoren, som dei la fram i juni, inn for å redusere talet på kystvaktfartøy frå 15 til 13. I staden for å fornye kontakten med KV Ålesund, ønskjer regjeringa å prioritere fartøy med helikopterkapasitet. Med innfasinga av dei nye NH90-helikoptera og innkjøp av nye havgåande kystvaktskip meiner dei kapasiteten likevel skal bli like god som før.

Når KV Ålesund no går ut av teneste, har Kystvakta totalt åtte havgåande fartøy til disposisjon.

Olsen er mest uroleg for oppsynet med fiskeria i Nordsjøen.

– Fiskeria har endra seg mykje dei seinare åra og er geografisk strekt ut i stort omfang. Det blir fiska heile året på mange forskjellige plassar. Med ein reduksjon av flåten klarer vi ikkje å vere til stades like mange stader, seier Olsen.

– Ein reduksjon av Kystvakta blir heilt feil i lys av det vi ser i havet i dag, seier han.

Langtidsplanen for forsvarssektoren er no til behandling i forsvarskomiteen på Stortinget, som skal levere innstilling i saka innan 4. november.