Island Offshore er som dei andre reiarlaga på Sunnmøre i ein tøff situasjon for tida. Reiarlaget har no fem båtar i opplag, og fleire tilsette har vore nøydde til å gå.

Torsdag fekk Island Offshore flytta eitt av skipa som har vore i opplag ei stund, til den nye kaia til Ulstein Betongindustri i Haddalvika.

– Denne båten har vore i opplag i rundt eit år allereie, men vi flytta den frå Rolls-Royce si kai i Ulsteinvik til Haddal. Det er ei meir eigna kai å legge båten ved, og vi har den framleis så nær at vi har lett tilgang til den, seier ship manager i Island Offshore, Alf Sævik, og legg til:

– Vi prøvar no å få samla dei skipa vi har i opplag, slik at dei ikkje blir liggande her og der. Det er difor ekstra kjekt for oss at vi har tilgang på flotte og trygge kaier i nærleiken.

Planen er at også Island Endeavour, som for tida ligg på Langsneset i Tomrefjorden, skal flyttast til kaia ved Ulstein Betongindustri i Haddal.

Avtale på eitt år

Konsernsjef i Ulstein Betongindustri, Vidar Moldskred, fortel til Vikebladet Vestposten at avtalen om utleige av kaiplass med Island Offshore er for eitt år no i første omgang.

– Det er sjølvsagt veldig trist at eit lokalt reiarlag må legge fleire skip i opplag. Vi håpar sjølvsagt at båtane som kjem hit kjem ut i arbeid igjen raskast mogleg, men i mellomtida ser vi på det som ei stor ære å få tilby kaiplass til dei.

Ulstein Betongindustri har fått løyve med Ulstein kommune til å leige ut kaiplass til fartøy dei neste 2–3 åra.