Førebels er det lite som minner om eit pizzabakeri i lokala i Sjøgata, men dagleg leiar Arnt Larsen Nerlid lovar at komande tysdag skal alt vere klart.

Pizzabakeren vert drive som franschise og med butikken i Ulsteinvik har kjeda i alt 144 utsalg over heile landet.

– Det er eit gjennomprøvd konsept. Eg har stor tru på at vi også skal lukkast i Ulsteinvik, seier Jan Egil Larsen som sjølv driv tre utsalg i Ålesund i tillegg til eitt i Molde.

No har han fått med seg broren Arnt til å vere med på satsinga i Ulsteinvik.

– Eg har halde på med dette i ti år, så eg kjenner godt til alle sider av drifta, seier Jan Egil Larsen som har bakgrunn som kokk og økonom.Arnt Larsen Nerlid har arbeidd som trykkar hos Tinde Design og Trykk i mange år, men valde no å slå til på tilbodet om å verte dagleg leiar i eiga bedrift.Heilt ukjend med bakaryrket er han heller ikkje, han har eitt års fartstid hos Josef Ulfstein som i si tid dreiv bakeri i Ulsteinvik.

– Treng Ulsteinvik verkeleg fleire pizzautsal?

– Vi meiner at det også er ein marknad for denne typen pizza. Vi leverer pizza av den amerikanske typen som er kjenneteikna av ein tjukk og lufig botn. Vi ser oss sjølve som eit alternativ til pizzakjeder som Dolly Dimples og Peppes Pizza, seier Arnt Larsen Nerlid.

Han får støtte frå broren som kan fortelje at han i løpet av året reknar med å levere 170.000 pizzaer frå dei fire utsala han allereie har her i fylket.

– Dette gir ein omsetnad på rundt 34 millionar kroner, seier han.

Ni tilsette

Utsalet vil gi arbeid til ni personar i første omgang, den daglege leiaren irekna.

– Vi hadde mange søkjarar til stillingane og mange gode kandidatar å velge i mellom. Vi er svært nøgde med dei medarbeidarane vi no har fått på plass, seier Nerlid.

Dei nye medarbeidarane får no opplæring hos Pizzabakeren sine utsal i Ålesund, men over helga er alt klart for pizzabaking i Ulsteinvik.

Med tre ovnar i sving vil dei kunne levere opptil 80 pizzaer i timen. Dei vil også kunne køyre ut pizza, i første omgang i nærområdet rundt Ulsteinvik.

– Vi byrjar litt forsiktig, og så får vi sjå korleis dette slår an, seier det optimistiske brødreparet.