Rolls-Royce skal levere skipsutstyr til fem nye cruiseskip som vert bygde av Fincantieri ved verfta Monfalcone og Ancona i Italia.

Kontraktene omfattar propellsystem, dekksmaskineri og styremaskiner som skal leverast til to nye fartøy til Viking Ocean Cruises, styremaskin og vinsjar til eit fartøy til Regent Seven Sea Cruises og styremaskiner til to fartøy som skal leverast til reiarlaget Princess.

– Det er gledeleg med aktivitet i marknaden for cruise- og passasjerfartøy i desse tider. Fincantieri er ein av verdas største båtbyggjarar og leiande innan bygging av cruiseskip og store ferjer, så vi er sjølvsagt stolte over at dei vel å samarbeide med oss, sier Asbjørn Skaro, direktør for dekksmaskineri i Rolls-Royce.

Alle dei fem fartøya vil få styremaskiner frå Rolls-Royce med eit kompakt design, utvikla med tanke på best mogleg plassering i skroget over roret og effektivt vedlikehald. Tre av fartøya skal også få elektriske anker- og fortøyningsvinsjar, medan dei to fartøya til Viking Ocean Cruises i tillegg får levert propellsystemet Promas, der propell og ror er integrert i éi effektiv hydrodynamisk eining.