Rolls-Royce trur at autonome skip kan vere ein realitet allereie i 2020, og vil nytte norske fjordar som testarena for ny norsk teknologi som skal lanserast globalt.

– Teknologi for fjernkontrollerte løysingar på skip finst allereie, spørsmålet er kor langt vi kan kome i retning av ubemanna fartøy, og kva typer skip dette er mest eigna for, seier Jann Peter Strand, produktsjef for automasjon og kontroll i Rolls-Royce Marine. Han er mellom innleiarane på lanseringskonferansen for Norsk Forum for Autonome Skip 4. oktober.

Allereie i dag leverer Rolls-Royce i Norge løysingar for overvaking av skip frå land og fjernstyret serviceoppdrag om bord. I tillegg er selskapet involvert i utviiklingsprosjekt på dette feltet i Norge, Finland og Singapore.

– Vi samlar kunnskap på mange område, medan den faktiske teknologien i stor grad vert utvikla i Norge. Difor er det svært gledeleg når vi no opplever at også dei norske forskningsmikljøa og styresmaktene er positive til at vi kan teste løysingane våre i norske farvatn, seier Jann Peter Strand i Rolls-Royce.

Kystverket ønskjer satsninga på autonome fartøy velkomen.

–Vi ønskjer å vere ein sentral aktør når ny teknologi vert utvikla og ulike konsept skal utprøvast. Dagens sjøsikkerheitstenester er i stor grad bygd på at det finst personar om bord, og vi ønskjer god dialog med utviklingsmiljøa for å kunne utvikle rolla vår, både som ei styresmakt og som teneseleverandør, seier sjøsikkerheitsdirektør Arve Dimmen i Kystverket.

Den beste testarenaen er der det går ulike type fartøy i dagleg trafikk, der utviklarane kan samarbeide med fergereiarlag, oppdrettsanlegg og andre brukarar av fjorden. Fjordane her heime vert gjerne nytta til prøveturar for verfta i området, som dermed tek med seg inn nye typar interessante fartøy i testområdet.

I Finland har styresmaktener finansiert eit FoU-prosjekt der det langsiktige målet er å syte for eit fullstendig autonomt system for heile Østersjøen innan 2025. Rolls-Royce er deltakar i det finske forskningsprogrammet i lag med andre industrielle aktørar. I Rolls-Royce sitt maritime hovedkvarter i Ålesund er det sett opp ein simulator for testing av autonome fartøy. I Trondheimsfjorden har selskapet samarbeida med NTNU om forskningsfartøyet Gunnerus i fire år, og har no planlagt å installere DP om bord, med tanke på teste autonome løysingar.

– Vi er veldig nøgde med samarbeidet med NTNU, og har mellom anna nytta Gunnerus til å teste eit heilt nytt propulsjonssystem som no er lansert i markedet.  Det neste steget vert å ta forskninga og dei virtuelle testane med ut i verkelegheita. Den norske maritime klyngen har store moglegheiter, mykje av innovasjonen skjer nettopp her. Norske fjordar er ideelle testarenaer, seier Strand.