Nordvest Naprapatklinikk opnar ny klinikk i Stryn tysdag 4. oktober.

- Det finst ikkje naprapatar i Nordfjord frå før, så dette vert eit heilt nytt tilbod, seier dagleg leiar Ole Theodor Hovden.

Han ser heller ikkje vekk i frå at det kan verte fleire klinikkar i Nordfjord etter kvart.

- Vi har mange pasientar som har reist til Sunnmøre for å få behandling. No ser vi fram til å kunne hjelpe fleire lokalt, seier han.

Behandling

Naprapatane behandlar muskel-og skjelettplager i heile kroppen.

- Det er mange som kjem til oss som har vore plaga med smerter i rygg og nakke. Vi behandlar manuelt og prøver å finne årsaka til desse smertene. Vi jobbar også med førebyggjande arbeid som til dømes skreddarsydde treningsopplegg, forklarer Hovden.

Naprapatar kan behandle ulike typar idrettsskadar og tilpasse spesialsolar til sko.

- Viss du opplever smerter eller ubehag i samband med trening, kan vi gje svar på årsaka til smertene og om problemet kan behandlast, seier han.

I tillegg til at dei behandlar privatpersonar, har dei tilbod på helseførebyggjande tiltak og behandlingsopplegg til bedrifter som dei også gjerne reiser rundt til.

Åtte klinikkar

Nordvest Naprapatklinikk får til saman åtte klinikkar etter nyopninga i Stryn. Dei er lokalisert i Ålesund, Ulsteinvik, Fosnavåg, på Stranda og i Bergen.  Alle dei tilsette har fire års utdanning frå Naprapathøgskulen i Stockholm.  I tillegg tek dei kurs for å halde seg oppdaterte på det siste innan behandlingsteknikkar. Det vert Liv Hilde Vågsæter frå Stranda og Ole Theodor Hovden sjølv som kjem til å jobbe mest ved klinikken i Stryn no i starten.