Kystvakta får skifta ut dei tre eldste fartøya i flåten tidlegare enn planlagt. Kontrakten skal gå til norske verft og industribedrifter, slo statsminister Erna Solberg (H) fast då ho, finansminister Siv Jensen (Frp) og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) besøkte Haakonsvern torsdag.

Der var dei om bord i kystvaktskipet KV Andenes, og det var her statsministeren stolt kunne fortelje den store nyheita.

Ei nyheit som Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven, meiner er flott.

– Dette må vi seie er veldig positivt, og håpar dette gagnar norsk industri generelt. Dette er noko som vi som driv i den maritime næringa har etterlyst, at ein kan forsøke å skjerme nokre prosjekt inn til norsk industri. Vi ser at dette blir gjort i andre land, særleg innanfor desse typane prosjekt, men også innan til dømes forsking og fartøy der sjøfartsnasjonane har direkte interesser og behov. Det er veldig flott at regjeringa kjem ut med eit så sterkt signal, seier Ståle Rasmussen.

Har kontakta aktuelle verft

Det har også kome fram at forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) har vore i kontakt med aktuelle verft, men om Kleven har blitt kontakta ønskjer ikkje Rasmussen å gå nærare inn på.

– Akkurat om det har vore kontakt mellom forsvarsdepartementet og oss ønskjer eg ikkje kommentere, men det har vore kontakt mellom dei ulike organisasjonane i bransjen og forsvarsdepartementet.

Rik kystvakt-historikk

Så spørst det om Kleven, i konkurranse med mange andre norske skipsverft, skal klare å sikre seg bygginga av nye kystvakter. Historia tilseier i alle fall at verftskonsernet stiller sterkt.

– Vi ser sjølvsagt etter alle moglegheiter for å skrive nye kontraktar. For oss er det interessant å vere aktuell for bygging av nye kystvakter. Vi har bygd dei tre siste i den såkalla Barentshavsklassa, og i sum har vi bygd åtte kystvaktskip. Så dette er absolutt noko vi vil vere med på, om vi får oppdraget.

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, meiner regjeringa sitt klare signal om at dei nye kystvaktskipa skal byggast her i landet er svært positivt. Foto: Arkiv.