Islandske Fafnir Offshore har ikkje klart å skaffe jobb eller finansiering til nybygget dei har bestilt av Havyard Leirvik, og utset leveringen frå verftet i Sogn til april 2019. Det skriv Sysla Maritime.

Utsetjinga betyr lågare kapasitetsutnytting på verftet i år og neste år. Det i tillegg til at fortenesta av prosjektet blir utsett.

– 2017 blir eit veldig utfordrande år for verftet i Leirvik. Vi har berre eitt skip til i ordreboka, og det skal leverast i april neste år, seier konserndirektør i Havyard, Geir Johan Bakke, til Sysla Maritime.

Bygginga av skipet har også tidlegare blitt utsett, og då med eitt år.

Avtalen no er at offshorereiarlaget skal betale inn ytterlegare forskotsstermin som vilkår for å utsetje leveringa av skipet i to år til, og betalingsfristen er sett til tidleg i januar 2017.