Det er 50 stillingar knytt til dei såkalla indirekte aktivitetar i selskapet som skal bort, opplyser Ekornes i ein børsmelding. Kutta skal takast ved omplasseringar, sluttpakkar og oppseiingar og er venta å bidra til effektiviseringsprosessen med 20 millionar årleg, men vil koste 10 millionar kroner å gjennomføre.

Kostnadsprogrammet blei sett i verk i fjor og skal vere sluttført i 2016. Då skal Ekornes ha redusert kostnadar med 150 millionar kroner, ifølgje målsettinga.

– Vi har god dialog med våre tilsette og legger opp til at tiltaka i størst mogleg grad blir gjennomført gjennom frivillige initiativ, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes.