Sparebanken Møre ligg i år an til å få sitt nest beste resultat etter skatt nokosinne.

Tala for tredje kvartal syner at banken så langt i år har eit resultat etter skatt på 458 millionar kroner, skriv Sunnmørsposten. Det er ein solid auke frå i fjor, og med same utvikling resten av året, ligg 2016 an til å bli det beste året etter rekordnoteringa på 623 millionar kroner i 2014.

I 2015 hadde Sparebanken Møre eit årsresultat på 503 millionar kroner etter skatt.

I tredje kvartal blei resultatet etter skatt 152 millionar kroner, betydeleg opp frå 114 millionar kroner i same kvartal i fjor.