Og med det meiner ein sjølvsagt at verksemdene blir klar over og faktisk sikrar idear og produkt dei har laga eller har planar om å lage. Dei inviterte til Nyskapingsdagen tysdag var dei verksemdene som driv business og som ønskjer å tenkje nytt.

– I dag har vi satsa på etablerte bedrifter. Dei som har starta, og dei som har drive på ei stund, seier Robert Voldnes, som er hoppid.no-rådgjevar for Ulstein, Hareid og Herøy, samt delvis også Sande.

Voldnes fortalde at fokuset på viktigheita av å sikre seg mot idétjuveri stod i sentrum.

– Det er utruleg viktig å beskytte sine idear og tankar. Difor har vi fått på plass ekspertar på til dømes IPR, eller immaterielle rettar, eit komplekst og vanskeleg område for mange bedrifter. Dette vere seg patent, sikring av merkevarer, designsikring, seier hoppid.no-rådgjevaren.

Han fortel også at design var ein viktig del av programmet.

Det var godt med lokale bedrifter som var representerte på Nyskapingsdagen på Quality Hotel Ulstein, noko Voldnes er svært nøgd med.

– Vi måtte faktisk flytte sal fordi det kom så mange. Det er sjølvsagt kjempekjekt.Også fleire aktørar frå det kommunale var til stades.

Viktig for vekst i regionen

Robert Voldnes er ikkje i tvil om at arrangement slik som Nyskapingsdagen er viktig, også for å knyte nettverk mellom dei lokale verksemdene.

– Om vi som region skal vekse og vi skal trivast med å bu og jobbe her, så må her skje nyskaping kontinuerleg. Ikkje i rykk og napp, men konstant. Dette er også ein møtearena de folk får treffe andre likesinna, seier han.

– Pass på!

Spesialrådgivar Turid Buvik i Innovasjon Noreg var ein av dei som heldt føredrag tysdag. I hennar føredrag hadde ho fokus på immaterielle rettar, og at verksemdene må passe på.

– Heilt klart. Det er skremmande å sjå kor mange som slurvar på dette. Det er ikkje berre patent og kontraktar som må vere i orden, det er utruleg mykje meir. Her må verksemdene vere på hogget, og gjerne ha kontakt med oss i Innovasjon Norge, og andre organisasjonar og selskap som kan hjelpe, seier Turid Buvik.