Gunvor Ulstein stod klar på kaia ved Ulstein Verft for å ta i mot kronprins Haakon og resten av følgjet på nærare 200 personar som deltek på næringslivskonferansen SIKT i Ålesund i desse dagar. Søre Sunnmøre synte seg frå si aller beste side då konferansedeltakarane kom sjøvegen frå Ålesund.

Deltakarane ved konferansen er i all hovudsak unge, talentfulle næringslivsleiarar i alderen 20-40 år som er særleg inviterte til å delta. Det meste av konferansen går føre seg i Ålesund, men måndag ettermiddag og kveld var sett av til eit besøk hos Ulstein Group i Ulsteinvik.

Island Venture

Deltakarane fekk omvising på konstruksjonsskipet Island Venture som ligg til kai ved verftet. Deltakarane vart imponert både av storleiken og teknologien om bord i det som er det største skipet som nokon gong er bygd ved Ulstein Verft.

Deretter gjekk turen inn på røravdelinga, der Kjell Arve Vatne helste velkomen. Han kom litt inn på dei utfordringane ein står overfor i verftsnæringa no, med låge oljeprisar og påfølgande tunge tider i offshore-realterte næringar.

Heldigvis har eigarane våre både drivkraft, pågangsmot og framtidstru, sa Vatne som også gav tilhøyrarane ei lita innføring i dei ulike fasilitetane ved verftet; Høghallen, tørrdokka og designavdelinga som har utvikla både X-Bow og X-Stern. Tilhøyrarane fekk også demonstrert korleis rør vert bøygde no til dags, ein heilt automatisert og tidssparande prosess.

Engasjert konsernsjef

Inne i Ulstein Expo heldt ei engasjert Gunvor Ulstein ein presentasjon av Ulstein Group si historie frå 1919 og fram til i dag. Ho kom også inn på sin eigen oppvekst og kva innverknad far hennar, Idar Ulstein, har hatt å seie når det gjeld forminga av hennar eigen identitet som næringslivsleiar.

Gunvor Ulstein presenterte også nye satsingsområde for konsernet, mellom anna serviceskip for vindparkar og miljøvennlege cruisefarty som kan trafikkere sårbare naturområde.

- Eg håper at vi i nær framtid kan signere kontraktar innan dette området i løpet av nær framtid, sa Ulstein.

- Sunnmøre i ei særstilling

Professor Ola H. Grytten held eit foredrag om temaet «Historisk entreprenørskap på Sunnmøre» og kunne fortelje at Sunnmøre står i ei særstilling her i landet når det gjeld å starte eigne verksemder.

- Sunnmøre ligg på botn når det gjeld statlege arbeidsplassar. Statlege arbeidsplassar kan vere ei sovepute, sa Grytten som snakka om fordelen ved å vere diskriminert.

På enkelte område hadde Sunnmøre gode føresetnader for å starte opp visse typar industri, som til dømes innan fiskeri.

- Føresetnaden for møbelindustrien som vaks fram på Sunnmøre i 1930-åra var derimot ikkje like god, her fanst jo ikkje tre, minte Grytten om.

Han peikte på fleire tilhøve som har gjort sitt til at Sunnmøre har fått den posisjonen det har. Mellom anna meinte han at haugianismen har betydd mykje for framveksten av sunnmørsk industri.

- Det var elles eit samfunn med små skilnader mellom folk der alle hadde neste dei same føresetnadene for å kunne lukkast. Undersøkingar syner også at verksemder som er tufta på protestantisk etikk har hatt betre føresetnader for å lukkast.

Takk frå kronprinsen

Kronprins Haakon takka for både presentasjonen og omvisinga SIKT-deltakarane hadde fått hos Ulstein Group.

- De har fått til mykje og har vore gjennom mange både nedturar og oppturar, sa han og ynskte alt det beste for framtida.