Fem av dei nye båtane får ei trekkraft på enorme 150 tonn.

Kontrakten har ein verdi på om lag 38 millionar Euro for Rolls-Royce, og båtane blir bygd i USA. Dei fem kraftigaste båtane vil vere 45 meter lange og 17 meter breie. Det gjer dei til dei største fartøya av denne typen som er bygd til no.

Rolls-Royce skal levere både azimuth-thrustarar og ein pakke med vinsjar til alle dei 13 båtane.

– Vi ser fram til å samarbeide med Edison Chouest Offshore igjen, i eit prosjekt der vi skal levere velprøvd teknologi til ein ny flåte av sterke fartøy. Kontrakten er eit eksempel på oppdrag der vi leverer verksemdkritisk utstyr til maritime kundar som har krevjande oppdrag. Tryggleik, yting og manøvreringsevne er viktige stikkord her, seier Mikael Makinen, President – Marine i Rolls-Royce.

Alle 13 skal utstyrast med ein pakke hydrauliske lavtrykksvinsjar. Dei fem største får vinsjar med full dynamisk taueevne, til erstatning for å taue med statiske bremser som er mest vanleg for denne typen tugs/slepebåt. Dynamisk tauing reduserer risiko under taueoperasjonane. Dei største vinsjane i denne ordren leverast frå Rolls-Royce i samarbeid med IP Huse.