Ocean Farming, eit dotterselskap i SalMar-konsernet, har no skrive kontrakt med Farstad Offshore AS, eit dotterselskap av Farstad Shipping AS, på komplett fortøyingsinstallasjon og oppankring av eit halvt nedsenkbart offshore fiskeoppdrettsanlegg.

I kontrakta ligg det også prosjektleiing og gjennomføring av offshoreoperasjonane, og ankerhandteringsskip frå Farstad sin flåte på spotmarknaden i Nordsjøen blir sett inn i arbeidet. Oppstart vil etter planen bli i løpet av første halvår 2017.

- Vi har ein omfattande erfarings- og kunnskapsbase i selskapet knytt til fortøyings- og oppankringsoperasjonar offshore, og som har vore avgjerande for å sikre oss denne kontrakten. Vi set stor pris på den tilliten Ocean Farming viser Farstad Shipping, og som bekreftast ved tildeling av denne interessante kontrakten i dette nye marknadssegmentet, seier Karl-Johan Bakken, konsernsjef i Farstad Shipping ASA og legg til:

- Introduksjonen av havbasert offshore fiskeoppdrettsanlegg av denne storleiken og design opner også ein ny marknad for utnytting av store ankerhandteringsskip. Vi er svært nøgde med å bidra til at dette pilotprosjektet blir ein suksess, og ser fram til den vidare utviklinga av denne marknaden.