Ser litt meir positivt på framtida

Det er aukande optimisme blant næringslivsleiarar på Vestlandet, viser Vestlandsindeks.

Bedriftsleiarar på Vestlandet ser positivt på framtida.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

Bedriftene på Vestlandet forventar noko sterkare sysselsetting og ein svak oppgang i investeringane. Det viser forventningsindeksen som måler utsiktene for det neste halvåret. Denne såkalla Vestlandsindeksen, som Sparebanken Vest har sett saman, i samarbeid med Respons Analyse, viser at det er marginalt aukande optimisme, for andre kvartal på rad. Det skriv NTB.

700 bedriftsleiarar på Vestlandet er med i undersøkinga. Indeksen viser også at framgangen frå førre kvartal er mindre enn ein skulle trudd.

– Eit kjenneteikn ved nedgangstidene på Vestlandet dei siste åra er at svakare oljepris har tvunge fram betydelege kostnadsreduksjonar og eit sterkt behov for effektivisering. No kan det sjå ut som om bedriftene får betalt for dette fokuset med betra lønnsemd, seier konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik, til NTB.